eBillett

Med eBillett kan du no kjøpa billetter på nett til festivalen. Billettane blir  betalt med Visa eller MasterCard. Etter at kjøpet er gjennomført vil du få fram ein billett som du kan skriva ut. Dersom du legg inn epost-adressa vil denne også bli sendt på epost. Billetten tar du med til festivalen kor den vil bli kontrollert. Dersom du legg inn mobilnummer og kryssar av for ekstra stadfesting vil du få tilsendt ei stadfesting av kjøpet på sms. Merk at dette ikkje er ei erstatning for billetten som utan omsyn må takast med.

Billettar kan kjøpast her.

Festivalkontor

Det er billettsal på Tenestetorget i Sentrumsbygget i Ulvik fram til 12.september. Opningstid kl.8.00 – 15.30, måndag - fredag. Frå torsdag 13.september opnar festivalkontoret i Brakanes kurs – og konferansesenter.

Festivalkontoret er på Heradshuset, Promenaden 7. Her blir det sal av billettar, festival t-skjorte kr.100 og festivalplakat kr.50.

Opningstid
Torsdag kl. 14.00 - 21.00
Fredag kl. 10.00 - 21.00
Laurdag kl. 10.00 - 21.00

Sundag kl. 10.00 - 14.00

Det er også billettsal på kvart arrangement under festivalen.
Merk: Hentefristen for førehandstinga billettar er 1 time innan arrangementet startar.

Pass

Festivalen tilbyr festivalpass for vaksne, born og ungdom / student og medlemer i Venelaget Olav H. Hauge. Passa er eit svært gunstig tilbod dersom du vil ha med deg dei mange arrangementa under festivale

Ordinært festivalpass kr.1.200*

Festivalpass medlemer Venelaget Olav H. Hauge kr.1.000*
Hugs legitimasjon for betalt medlemskap.

Ungoms/studentpass kr.700*
Alder: f o m 14 år t o m 20 år; legitimasjonsplikt. Studentpass krev gyldig studentlegitimasjon.

Barnepass kr.400*
Alder: Under 14 år. Gjev innslepp på alle tilskipingar under festivalen. 

Dagpass fredag 14.september kr.600*

Dagpass laurdag 15.september kr.800*

Dagpass sundag 16.september kr.300*

*gjev innslepp på alle tilskipingar under festivalen.
(På festivalkroar der det til ei kva tid er ledig plass.)

Festivalpass må bytast til eit eige festivalarmband på festivalkontoret. Under festivalen skjer alt sal av tilgangsteikn på festivalkontoret. 
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Barnebilletten gjeld for born under 14 år.
NB! Følgjekort. Fritt tilgjenge/ fribillett for følgjeperson til funksjonshemma/ rullestolbrukar; må vise følgjekort.

Festivalen tek atterhald om eventuelle feil eller endringar i programmet. 
Programmet vert kontinuerleg oppdatert.

Design: Quack Build: MetaDiv