Det har vore mange festivalmedarbeidar i sving på dei føregåande festivalane. Utan denne store dugnadsinnsatsen ville det rett og slett ikkje vore mogeleg å gjennomføra arrangementet. Det er ein fast stab som har vore med frå starten av, men likevel treng vil fleire nye folk som har lyst til å hjelpa til i år!
Vil du vera med å jobba under Ulvik Poesifestival
Godtgjersle
Som takk for din innsats kan vi koma med dette tilbodet: · Festivalpass NB! Minimum 3 vakter * · Ein fribillett pr.vakt · Opplæring · Festival t-skjorte
* Alle artistkontaktar får festivalpass, då dei må vera til disposisjon heile tida!
Vi har bruk for hjelp til: - Arrangement/festivalkontor - Artistservice - Teknisk stab
Artistkontakt
Alle artistar som er engasjert til festivalen får sin eigen artistkontakt under opphaldet her i Ulvik. Å vera artistkontakt er ei krevjande og ansvarsfull oppgåve, men også interessant og kjekk! Du vil få oppleva festivalen frå innsida og koma nært innpå artistane. Oppgåvene er mellom anna: · Å syta for at artistane trivst under opphaldet i Ulvik · Å syta for at artistane er på rett stad til rett tid i høve lydeprøver, konsertar, opplesing, måltid med meir. · Å vera innstilt på å løysa små og store problem som kan oppstå Artistkontakten er festivalen sin service-person og guide i høve til artistane!
Sjåfør
Vi har bilar for artistar som køyrer mellom Ulvik/Voss og Bergen og mellom dei ulike arenaene i Ulvik.
Informasjonsvakt festivalkontor
For å hjelpa publikum og artistar med generell informasjon og hjelp. Ulike små og store ting dukkar alltid opp undervegs og må gjerne løysast der og då. 2 personar er på vakt og vakter er på 3 og 4 timar.
Billettfunksjonær/telefon
har opplæring på dette i forkant av festivalen. Vakter er på mellom 3 og 4 timar.
Ta gjerne kontakt
Festivalsjef Espen Eide
Tlf: 40 00 71 61
Fax: 56 52 70 05
E-post:
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Web: poesifestival.no






















