På torsdagskvelden under Poesifest 2012 vil Samlaget presentera utvalde poetar. Dette skjer på arrangementet på Drøs som startar kl. 19. Fredag kl 15 på Den Grøne Kafe vil Samlaget presentera bøker frå si haustliste.
Juliane Rui er aktuell med presentasjon og opplesing på begge arrangement.
Juliane Rui (f. 1982) kjem frå Vestfold og Telemark. Ho debuterte med Den hesten er av snø hausten 2011.
Rui kom i år ut med diktsamlinga Systrer kan bli like gamle. Denne diktboka handlar om barndom, om søsken og familie, om korleis ein hugsar hendingar og episodar frå fortida, og korleis ein kan formidle dette. Korleis kan ein strukturere eit bilde av ein felles barndom?



















