Susanna Wallumrød

laurdag 21. juli 2012 13:20

Susanna Wallumrød er høgt og lågt i norsk og internasjonal musikk, og er involvert i ei rekkje prosjekt. Saman med den allsidige jazzpianisten Morten Qvenild har ho gjeve ut tre plater under namnet Susanna and the Magical Orchestra. Duoen spelar både coverlåtar og eigne komposisjonar i eit særeige lydbilete som ligg ein plass i grenselandet mellom jazz og elektronica. Sjekk til dømes ut den kryptiske versjonen av Dolly Parton si countryperle “Jolene”. Wallumrød er sjølv blitt covra av den amerikanske artisten Bonnie “Prince” Billie, som ho også har samarbeidd med. I fjor gav Susanna ut plata Jeg vil hjem til menneskene der ho syng dikt av Gunvor Hofmo. Plata gjekk rett heim hos norske platemeldarar, og det er dette materialet Wallumrød går på scena med i Ulvik. Med seg har ho Andreas Stensland Løwe på piano og Jo Berger Myhre på bass.


Elvatun fredag kl 20.00, kr 250,-

Design: Quack Build: MetaDiv