Ung Poesi i Hordaland

Venelaget Olav H. Hauge og Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Ulvik Poesifestival, skipar til ei litterær tevling i poesi kalla "Ung Poesi i Hordaland". Prisen er på kr.10.000 og kan delast opp. Prisen kan berre gå til uprenta tekster.

Alle ungdomar som bur i Hordaland og som er i alderen mellom 18 og 25 år kan delta. Forfattarar som har debutert kan ikkje delta.

Vilkår for å delta: 5 uprenta poesitekstar og dessutan namn, yrke, alder og adresse.
Tekstane vert vurderte av ein uavhengig faglitterær jury, som er oppnemnt av tilskiparane. Namn vil ikkje bli lagt fram for juryen.

Prisvinnarane vil bli varsla på førehand. Prisutdeling vert fredag 17.september under Ulvik Poesifestival.

Lysing og informasjon om tevlinga finn de også på: www.venelagethauge.no
og www.hordaland.no

Frist for tevlinga er fredag 25.juni 2010.

Forslag skal sendast til:
 Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Design: Quack Build: MetaDiv